Politikken

Trygg Styring of Sterke Felleskap

Programmet er sist oppdatert 19. Juni 2023

Fitjar Arbeidarparti vil ha eit samfunn som tek vare på alle. Me satsar på fellesskapsløysingar. Arbeidarpartiet vil vera ein pådrivar for å fornya, forsterka og betra tenestetilbodet i vår kommune. Tenestene skal vera av god kvalitet. Ingen av våre tenester skal konkurranseutsetjast. Alle tilsette skal ha eit trygt og ordna arbeidsmiljø. Me vil ha vekk ufrivillige deltidsstillingar. Me vil arbeida for å få auka tilflytting til kommunen.

Oppvekst og skule

Me vil oppretthalda eksisterande skular i krinsane og arbeida for at alle born og unge skal ha gode oppvekstvilkår i barnehagane og skulane.

  • Meir praktiske fag i skulen
  • Leksefri skule
  • Betre vedlikehald av uteområda i barnehagar og skular
  • Sikra rett bemanning i skulen for å ivareta eit godt arbeids-og skulemiljø
  • Jobba for at Fitjar Vidaregåande skule får driva vidare som i dag  

Helse og omsorg

Me vil at alle skal ha ein trygg og god kvardag.

  • Auka helsetilbod til barn og ungdom
  • Styrka psykisk helsetilbud
  • Hindra rekruttering til rusmiljø og sikra god rusomsorg
  • Byggja fleire omsorgsbustader
  • God demensomsorg og auka tilbod til unge demente
  • God legedekning og nok personale i heile helsetenesta
  • Få tannlege attende til bygda
  • Nei til privatisering av helsetjenester
  • Etablering av eit apotek i Fitjar
  • God bemanning til god omsorg

Klima, Plan og Miljø

Ved å ta vare på urørt natur og sikra allemannsretten, tek me omsyn til komande generasjonar.

  • Leggja til rette for bustadbygging i krinsane
  • Birda til formålstjenlige ordninger til å redusera plast og anna avfall i nærmiljø, på sjø og på land.
  • Utarbeida arealdelen i kommuneplanen, med innspell får næringslivet og private personer
  • Større makt til kommunen i saker der det lokale sjølvstyre bør gjelda

Sysselsetjing og Næringspolitikk

Me vil at bedriftane skal møta ein aktiv kommune som støttar opp og samarbeidar godt. Me vil ha eit organisert arbeidsliv som er til nytte for både bedrifter og arbeidstakarar.

  • Leggja til rette for nye arbeidsplassar og ta vare på dei eksisterande
  • Satsa på maritime arbeidsplassar, fiske, oppdrett, tare og havvind
  • Satsa på arbeidsplassar innan jord-og skogbruk
  • Aktivt arbeida for å få fleire lærlingar på ulike fagområde
  • Støtta utsal og produksjon av lokale matprodukter
  • Ivareta dyrka mark
  • Byggja rimelege bustader for unge og eldre

Samferdsel

Me vil arbeida for at kommunen får best mogleg vegstandard og tenlege ruter for buss, både internt i kommunen og ut av kommunen.

  • Utviding av vegen frå Tveita til Rydland med gang og sykkelsti
  • Utvida og opprusta vegen rundt Storavatnet, Dåfjorden og Osternes
  • Få snøggbåtrute i ytre leia innom Rubbestadneset, Fitjar, Austevoll til Os
  • Få korrespondande ruter mellom båt og buss
  • Nattbuss Fitjar, Stord og Bømlo i helgane
  • Utbetra Rv 545 i svingane i Rydlandsago
  • Utvida trafikksikker parkeringsplass og utkjøyring på Dalshaugane

Kultur, Kyrkje, Fritid og Idrett

Fitjar er ei Naturperle som alltid har vore flittig brukt av fastbuande og tilreisande.

  • Me vil vera med å leggja til rette for eit aktivt kultur-og idrettsliv
  • Støtta opp om kyrkja som kulturell møteplass
  • Støtta opp om drifta av Fitjar Frivilligsentral
  • Leggja til rette for båt- og friluftsliv
  • Leggja til rette for nærmiljøtiltak lekeplass, ballbingar mm.
  • Ta vare på kulturhistoria vår
  • Vedlikehalda og utvikla turløyper med universell utforming
  • Sikra vedlikehald av idrettsanlegg
  • Legge til rette for godkjent bubilparkering ved Olstjødno og i sentrums nære område